Vil forby KI-briller på skular og andre møteplassar

KI-briller kan ta bilete og filma utan at menneska rundt merkar det. No vil regjeringa forby bruken på utvalde stader i ein periode.

KI står for kunstig intelligens. KI-briller er briller med innebygd teknologi som kan ha kamera, mikrofon og KI.

Regjeringa er uroa for at folk kan bli filma, fotograferte eller tekne lydopptak av utan å vita det. Det skriv dei i ei pressemelding.

Vil verna barn

Forbodet kan mellom anna gjelda på skular, i barnehagar, på leikeplassar og i fritidsklubbar. Regjeringa meiner barn treng særleg vern.

Også kjøpesenter, parkar, sjukehus og symjehallar kan bli omfatta.

Digitaliseringsminister Torgeir Micaelsen frå Arbeidarpartiet meiner folk skal kunna vera på slike stader utan å uroa seg for skjulte opptak.

KI-briller er briller med innebygd teknologi som kan ha kamera, mikrofon og KI. Foto: CCadio, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons

Skal laga reglar

Forbodet skal vera mellombels. Det betyr at det skal gjelda i ein periode medan regjeringa arbeider med meir varige reglar.

Ei gruppe ekspertar skal undersøka teknologien og gi råd om korleis han bør brukast.

Regjeringa vil ikkje forby KI-briller overalt. Det skal framleis vera mogleg å bruka teknologien privat og på enkelte andre stader.

Ikkje vedteke enno

Det nye nasjonale forbodet er ikkje vedteke. Regjeringa skal først leggja fram eit lovforslag for Stortinget.

Det er heller ikkje avgjort nøyaktig kva briller eller stader forbodet skal gjelda.