Melodi Grand Prompt
- Norsk musikkonkurranse for KI-låtar.
- Konkurransen går føre seg på ei nettside der finalistar blir stemde fram kvar helg – så langt er to klare.
- Finalen er i februar og blir strøyma på YouTube – her vil det vere mellom 10 og 14 finalistar.
Kjelde: nrk.no og melodigrandprompt.ai
Melodi Grand Prompt er den første norske konkurransen for musikk laga med KI, skriv NRK.
Alle som deltek med låtar i Melodi Grand Prompt, må ha laga musikken med KI.
– I dag finst det ingen stader der ein kan vise fram KI-musikken sin, og det er vanskeleg å få folk til å høyre på han, seier arrangør og artist Lars Kilevold.
Kilevold meiner at det kjem til å vere mykje betre låtar i Melodi Grand Prompt enn i ein gjennomsnittleg Melodi Grand Prix-finale.
Marius Asp, musikkmeldar i VG, er skeptisk. Han seier til NRK at det ikkje gir meining at KI-musikk skal bli vurdert på lik line med kunst som er laga av menneske.
Musikkmeldaren meiner at poenget med musikken er den menneskelege faktoren.






















