Politiet tipsar: Slik kan du halde deg trygg på nett

Mange barn og unge blir utsett for ugreie hendingar gjennom skjerm. Her gir Maren i politiets nettpatrulje råd om kva du bør gjere om noko kjennest feil på nett.

Politiets nettpatruljar
  • Nettpatruljane sin jobb er å vere til stades i sosiale medium og dele informasjon om korleis ein kan vere trygg på nett.
  • Nettpatruljane har chattar på Facebook og Instagram der ein ta kontakt om ein har spørsmål, treng råd eller har tips til politiet.
  • Om noko hastar kan du ringe politiet på 02 800. Ved ein naudssituasjon skal du ringe 112.
LES FAKTALUKK FAKTA

Dei siste åra har politiet sett ein auke i seksuelle overgrep mot barn på nett. I 2021 mottok politiet i underkant av 9 000 tips, medan dei i fjor mottok 14 000 tips, opplyser NRK.

Også ein ny rapport frå UNICEF viser at eitt av fem barn mellom 12 og 17 år i dei 21 undersøkte landa har blitt seksuelt utnytta ved hjelp av teknologi, til dømes sosiale medium.

Seksuelle overgrep og seksuell utnytting på nett kan til dømes vere at nokon ber, pressar eller trugar barn til å sende nakenbilete, kle av seg eller gjere seksuelle handlingar framfor kamera.

Framtida Junior har snakka med Maren Gjesdal, fagleiar i nettpatruljen i Vest politidistrikt, om korleis barn og unge kan halde seg trygge på nett.

Ein profil kan vere falsk

På internett kan det vere lett å late som ein er ein annan person. Ein person kan til dømes lage ein profil med eit bilete av ein ung person og skrive at han eller ho er på same alder som deg. Men personen kan eigentleg vere ein heilt annan.

– Det finst ingen enkle triks for å avsløre om ein profil er falsk, derfor er det viktig å vere skeptisk når ein snakkar med framande på nett, seier Maren.

Maren Gjesdal er politi og jobbar som fagleiar i nettpatruljen i Vest politidistrikt. Foto: Politiet

Ho tipsar om å tenkje over desse punkta når du kjem i kontakt med nokon på nett:

  • Kjenner eg personen frå den verkelege verda?
  • Er det nokon måte eg kan vite om opplysningane om personen stemmer?
  • Prøver personen å få meg til å gjere noko eg ikkje vil?

Pass på kva du deler

Vidare rår Maren barn og unge til å ikkje dele personopplysningar på nett.

Du bør ikkje dele ting som:

  • Kvar du bur.
  • Alder.
  • Telefonnummer.
  • Passord.
  • Kva skule du går på.
  • Anna privat informasjon.

– Vi oppmodar også barn til å ha private kontoar dersom dei har sosiale medium. På den måten kan ein styre at det først og fremst er folk ein kjenner i den verkelege verda, som ser det du deler, seier Maren.

Ikkje flytt praten til ein privat chat

Nokre gonger kan ein person du møter i eit spel eller på ein annan open plattform, spørje om de kan flytte praten til ein annan nettstad.

– Då bør du avslutte kontakten med personen, rår Maren.

Menneske som vil utsette barn for noko ugreitt eller ulovleg på nett, kan nemleg prøve å skjule dette ved å bruke nettstader der det er vanskeleg for andre å sjå kva dei har prata om.

– Barn bør heller ikkje vere på nettstader slik som Chatroulette. Slike nettstader er laga nettopp for at framande skal kome i kontakt med kvarandre, fortel Maren.

Illustrasjonsfoto: Pexels

Stopp når noko kjennest ugreitt

Av og til kan ein samtale på nettet kjennast rar eller ubehageleg. Dette kan til dømes vere at nokon pressar deg til å svare på spørsmål du ikkje vil svare på, at du blir beden om å sende bilde eller kanskje berre får ei kjensle av at noko ikkje stemmer.

– Du treng ikkje vere sikker på at personen har gjort eller kjem til å gjere noko ulovleg. Dersom noko kjennest ubehageleg, bør du stoppe samtalen.

Du kan også:

  • Blokkere personen.
  • Rapportere personen til nettsida eller appen.
  • Fortelje det til ein vaksen du er trygg på.

Ikkje send bilde

Maren har eitt enkelt råd om du blir beden om å sende bilde eller videoar: Ikkje gjer det.

Dette gjeld spesielt bilde der du er lettkledd eller naken.

– Når ein først har sendt eit bilde eller ein video, har ein ikkje lenger kontroll over kvar det kan hamne og det kan bli liggande på nett for alltid.

Om du likevel har kome til å sende eit bilde du angrar på, skal du ikkje vere redd for å be om hjelp.

– Uansett kor mykje ein skammar seg, er det hjelp og støtte å få hos vaksne og politiet. Det viktigaste er at du seier ifrå.

Maren rår til å snakke med ein vaksen du stolar på, til dømes ein forelder, lærar eller annan trygg vaksen. Du skal ikkje få kjeft for å be om hjelp.

Politiet kan gi råd om kva du kan gjere for å få fjerna bilde frå plattformer der det har blitt delt, men kan aldri garantere at eit bilde forsvinn heilt frå nett. Politiet kan også prøve å finne og straffe personar som har bede om og eventuelt delt bilde, dersom det er meldt til politiet.

Råd til vaksne

Maren meiner at vaksne har ei viktig rolle når det gjeld tryggleik for barn på nett.

Ho har desse tipsa til foreldre og andre vaksne:

  • Set deg inn i kva appar og spel barna bruker.
  • Ver interessert i kva barna gjer på nett og kven dei har kontakt med.
  • Lær barn om nettvit.
  • Sørg for at det er trygt for barn i seie ifrå dersom dei har gjort noko dei angrar på på nett.

    Illustrasjonsfoto: Pexels