Barn mellom 13 og 15 år skal berre kunna ha eigne kontoar med godkjenning frå foreldra i dei 27 europeiske land som er medlem i EU. Kontoane skal også ha avgrensa funksjonar og vera tryggare for unge brukarar, skriv NRK.
Noreg er ikkje medlem av EU, men samarbeider tett med unionen gjennom EØS-avtalen. Derfor kan fleire av EU-reglane også bli gjeldande i Noreg.
Trygg bruk
Forslaget blei lagt fram av presidenten i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen. Ho meiner at dei store teknologiselskapa må ta større ansvar for å verna barn mot skadeleg innhald og funksjonar som kan gjera brukarane avhengige.
– Europa har makta til å handla. Det er me som bestemmer reglane, ikkje «big tech»
Det sa von der Leyen då ho la fram forslaget.
Store endringar
Dei aller største og mektigaste teknologiselskapa i verda blir ofte kalla «big tech». Meta, som eig Facebook og Instagram, Google, Apple, Amazon og Microsoft er døme på slike selskap.
– No kan me få kraftig regulering av tekgigantene. Og det at EU også no er så tydelege på det, vil bety mykje for Noreg, seier barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) til NRK.
Forslaget må diskuterast og godkjennast av medlemslanda før det eventuelt kan bli ein ny lov.






















