Det viser ein ny rapport frå EU Kids Online.
Rapporten fann at barn i Noreg skil seg frå andre europeiske barn på fleire område.
Norske barn har mest skjerm- og internettbruk på skulen. Samstundes viser rapporten at norske barn ikkje opplever at dei har meir digital kunnskap enn andre europeiske barn.
Sjølv om skjermen tek stor plass både i skulekvardagen og på fritida blant norske barn, viser rapporten at det skjer noko interessant etter leggetid. Gjennomsnittleg i Europa bruker eitt av tre barn skjerm etter at dei har lagt seg og eitt av fem bruker skjerm i løpet av natta. I Noreg er det berre eitt av ti barn som nyttar skjerm i løpet av natta.
Tillit og skepsis til digitale medium
Norske barn viste seg også å ha mest tillit og håp når det gjeld teknologi som sosiale medium og kunstig intelligens. Det kom mellom anna fram gjennom desse tre funna i rapporten:
- Norske barn og unge opplever seg inkluderte og rettferdig behandla når dei bruker digitale appar.
- Norske barn og unge trur at selskap som samlar inn data om dei på nettet, vil behandle desse på ein trygg måte.
- Norske barn og unge trur at ny teknologi vil gjere tilgang til kunnskap lettare for alle.
Samstundes er delen barn og unge som er skeptiske til og bekymra for digitale medium, omtrent like stor i Noreg som i resten av Europa.
– Samla tyder funna på at norske barn har eit nyansert syn på teknologi, står det i ei pressemelding om rapporten.
Eit nyansert syn betyr at ein klarer å sjå at noko har både ei positiv og ei negativ side på same tid.
20 år med kunnskap om barn sine digitale liv
Sidan 2006 har forskarar arbeidd med EU Kids Online – forsking som skal bidra med kunnskap om barn sine digitale liv i Europa. Rapporten dei no har kome med, har teke for seg ei undersøking av barn og unge sine synspunkt, erfaringar, moglegheiter og risikoar i ei digital verd. Det er tredje gongen ei slik undersøking blir gjennomført av EU Kids Online.
Det var 28 465 barn og unge mellom 9 og 16 år frå 19 europeiske land som deltok i årets undersøking.






















