Forsking viser at vaksne sin skjermbruk kan påverke barn meir enn ein trur. Forskarar har nemleg funne at vaksne sin skjermbruk kan påverke forholdet deira til barna negativt. Mykje skjermbruk blant foreldre kan også gjere at barna bruker meir skjerm, skriv The Guardian.
Derfor har svenske helsemyndigheiter no gått offentleg ut og rådd foreldre til å legge bort mobilen når dei er saman med barna sine. Dei rår også til å lage soner i heimen der ein ikkje bruker skjerm, som til dømes ved middagsbordet og på soverommet.
Legg bort telefonen når du er med barnet ditt. Berre bruk han om du er nøydd til det eller om de brukar han saman, skriv svenske helsemyndigheiter på nettsidene sine.
Dei rår også foreldre til å vere medvitne om kva dei legg ut av og om barna sine på internett.






















