Hasselnøttene er modne: Skund deg og plukk før ekorna tek dei!

I år er det store mengder nøtter i skogen og no er dei modne. Her kjem sopp- og nyttevekstsakkyndig Mette Alstad med tips til deg som har planar om å sanke hasselnøtter.

Frå august til oktober kan du finne hasselnøtter i skogen rundt om i Noreg. Hasselnøtter veks på hassel – eit lauvtre som veks i låglandet (opp til 500 meter over havet) i dei sørlege delane av Noreg og litt nordover langs trøndelags- og nordlandskysten.

Hassel liknar gjerne på ein stor busk, sidan treet oftast består av mange små stammar. Blada på hassel er breie og hjarteforma. I tillegg har dei korte, mjuke hår.

Foto: Pixabay

På hassel veks det frukt i hams. Hamsen på hassel ser ut som grøne, skålforma blad med spissar. Det er frukta som veks inni denne hamsen som blir kalla hasselnøtter. Dei er først grøne, før dei til slutt blir brune.

Mange synest hasselnøtter smakar godt, og dei kan bli brukt i kaker, i sjokoladepålegg og som snacks rundt juletider.

Foto: Pixabay

Korleis skjøne når hasselnøtter er modne?

Nyttevekstsakkyndig Mette Alstad fortel at nøttene er modne når du lett får losna dei frå hamsen. Dei treng altså ikkje vere brune før du plukkar dei.

– Ein kan faktisk ete umodne hasselnøtter, men dei smakar litt mindre enn modne, legg Mette til.

Ho plukkar gjerne hasselnøtter før dei er modne og lar dei liggje på kjøkenbenken nokre dagar før ho et dei.

Det kan nemleg løne seg å vere litt tidleg ute med å plukke, sidan det finst mange andre som også er glade i hasselnøtter.

Foto: Mockup Graphics / Unsplash

Dyr + nøtter = sant

Ekorn. Foto: Pixabay

– Dessverre er det veldig mange andre som likar hasselnøtter, seier Mette.

Ekorn, mus, fuglar og andre dyr har hasselnøtter som matkjelde. Ekorn og mus kan til og med finne på å samle saman nøtter dei tek med seg for å ete seinare.

Men om du først får fatt på nøtter, er det eit par ting du må sjå etter før du et dei. For det første er det greitt å sjå om nøtta har jamn form og farge – då er det ei frisk nøtt. For det andre bør du sjå etter dyr når du knekker nøtta.

Nøttesnutebille. Foto: © entomart

– Snutebiller legg egg i nøtter, og derfor kan ein møte på larver når ein knekker dei. Desse nøttene må du kaste, fortel Mette og legg til:

– Larvene gneg seg etter kvart ut av skalet, så om du skal lagre nøtter til jul for eksempel, kan det vere lurt å følgje med, så du ikkje plutseleg har fått snutebiller eller larvene deira i hus.

Ikkje fritt fram å sanke, eller?

Du kan rett nok ikkje sanke nøtter på lik line med bær, sopp og andre nyttevekstar i naturen. Det er dei som eig skogen som har rett til å sanke nøttene.

Samstundes gjeld allemannsretten – ein rett alle i Noreg har til å bruke naturen. Han seier at det er lov å plukke dei nøttene du klarer å ete på staden.

– Miljødirektoratet seier rett nok at du neppe vil få trøbbel om du sankar nøtter til eigen bruk, seier Mette.

På Miljødirektoratet står det: «Det vil neppe bli betrakta som eit brot på haustingsretten om ein i utmark skulle kome over nøtter og plukke med seg heim i ei lita korg eller kopp til eigen bruk».

Kvifor er det så mykje nøtter i år?

I år er det mange som vil seie at det er nøtteår.

– Ja, det er iallfall det på Austlandet, seier Mette som held til der.

At enkelte år blir nøtteår, kjem av eit fenomen som heiter vekselbæring. Det vil seie at det er forskjell på kor mykje frukt og nøtter som blir produserte av ein enkelt treart frå år til år. Dette er ein tendens ein finn blant mange tre som ber frukt og nøtter.

Dette er ein fordel, for nokre år produserer trea meir frukt og nøtter enn det som blir ete opp av dyr og menneske.

Sidan nøttene fungerer som frø og kan spire til nye tre, er det viktig å ha år der til dømes hassel produserer fleire nøtter enn «vanleg». På den måten vil det ligge att hasselnøtter på bakken som vil spire og hasselarten får formeire seg.

Eikenøtter

Sjølv om hasselnøtter er dei beste nøttene å sanke i Noreg, har vi også eikenøtter i den norske naturen.

– Men dei må ein vatne ut lenge før ein kan ete, forklarer Mette.

Eikenøtter er nemleg giftige. Om ein et dei rå, kan det føre til magesmerter, kvalme, oppkast og forstopping.

Foto: Pixabay