Barn i India feira guden Krishna

Årleg feirar hinduar høgtida Krishna Janmashtami. Denne høgtida markerer at guden Krishna blei fødd.

Hinduismen
  • Hinduismen er eit samlenamn som blir brukt om fleire religiøse tradisjonar, spesielt i India.
  • Hinduismen blir rekna som verdas eldste religion.
  • Folk som trur på hinduismen blir kalla hinduar.
  • Hinduar trur på fleire gudar og at ein blir fødd på ny.
  • Det er omtrent 1,2 millionar hinduar i verda.
  • Det bur flest hinduar i India, men det bur også mange i Nepal, Sri Lanka og Bangladesh.
  • I Noreg er det over 20 000 hinduar.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

I hinduistisk tru er det mange gudar. Ein av dei er Vishnu. Han er tenkt på som skaparen av verda, og hinduar trur han passar på dersom verda er truga.

Vishnu blir gjerne framstilt som ein konge, men kan også vise seg gjennom avatarar. Ein avatar er når ein gud viser seg på jorda i ei spesiell form, til dømes som menneske eller dyr. Ein av desse avatarane er Krishna.

For mange hinduar er Krishna den viktigaste guden. Krishna blir framstilt på mange ulike måtar, men som regel er han tenkt på som ein mann med blå hud og eit gult klede rundt livet. På hovudet har han gjerne ei krone av påfuglfjør.

Krishna blir også ofte vist som barn. Som barn er han rampete og leiken.

Skulebarn er utkledde som Krishna under feiringa Krishna Janmashtami. Foto: Mahesh Kumar A. / AP Photo / NTB

Stor bursdagsfeiring

Kvart år feirar hinduar Krishna Janmashtami, som markerer at Krishna blei fødd. Datoen på denne høgtida varierer frå år til år, men fell alltid i august eller september. Feiringa varer i to dagar.

Krishna sin bursdag blir markert på mange ulike måtar. Det er vanleg å faste, besøke tempel, dele måltid og be saman.

Nokre stader blir Krishna feira ved at barn kler seg ut som guden, slik som på bilda frå den indiske byen Hyderabad.