Supalakshan (13) er hindu: – Me trur at gudane er over alt i naturen

– Eg liker å høyra historier om gudane som søstera mi fortel meg. Som korleis dei kjempa mot demonar. Eg elskar òg høgtidene, seier Supalakshan (13).

Hinduisme
  • Ifølgje dei hinduistiske heilage bøkene er det 330 000 forskjellige gudar, men ingen kan nemna dei ved namn. Det er offisielt 33 gudar.
  • Alle kan tru på heilt ulike ting, fordi det er mange ulike greiner av hinduismen, som er ulike både i deira tru om gudane og i praksisen deira.
  • Hinduisme har rundt ein milliard tilhengjarar og finst i land som India, Bangladesh, Sri Lanka, Pakistan, Indonesia, Singapore, Guyana, Surinam, Fiji, Mauritius, Trinidad og Tobago, Sør-Afrika.
LES FAKTALUKK FAKTA

I den vesle byen Periyaneelavanai, i den austlege delen av Sri Lanka, bur Supalakshan saman med foreldra sine og to søstrer.

Supalakshan går i 8. klasse på barneskulen. Han snakkar tamil og er hindu.

– Kva betyr religionen din for deg?

– Trua mi er basert på heilage bøker, til dømes Bhadgavad Gita, som inneheld historier om gudar. Me trur også at gudane er overalt i naturen og me hugsar alltid å gle dei.

SØSTRER: Kishantahi (21) og Guhasri (2) Thavaseelan er søstrene til Supalakshan. Foto: Anam Farook

Ofrar blomar og mjølk

Hinduane utgjer vel 12 prosent av innbyggarane på Sri Lanka, og Supalakshan får ein del spørsmål om rituala deira frå andre.

– Måten me ber, syng og ofrar på blomstrar og mjølk avhengig av kva høgtid eller spesiell dag det er.

– Kor ofte går du til tempelet?

– To gonger i veka og på spesielle dagar, til dømes når det er fullmåne eller nokre heilagdagar. Me ber også på skulen, kvar dag byrjar med ei samling, me samlast framfor skulen og stiller opp før timane byrjar. Me syng så nasjonalsongen og utfører ein «pooja», ei rituell bønn. Først når me har velsigninga kan me gå til klassen og byrja å læra.

Thavaseelan Supalakshan (13) er hindu. Kvar skuledag startar med bøn og nasjonalsongen. Foto: Anam Farook

Mange høgtider

Det er mange høgtider i hinduismen, nokon er for guden Krishna, andre er for Shiva, og det er også andre dagar som «Puthandu», som er det tamilske nye året. Kva er din favoritt?

– Eg liker alle feriar for då har me fri, og eg slepp å gå på skulen, ler Supalakshan.

– Favorittferien min er Pongal. Me får nye klede då, og bestefar, bestemor, onklar og andre slektningar gir meg pengar. Heile familien samlast, me går til tempelet og så lagar me på bålet framfor huset ein spesiell rett med ris og mjølk. Kyrne er pynta med bjøller og fargerike band, og me ønskjer alle vennene våre «Pongal vaalthukkal» og me byter mat og søtsaker.

– Ved kva høve blir det feira?

– Då er rishausten slutt. Me takkar gudane, sola og bøndene for den harde innsatsen deira.

 

TEMPEL: Supalakshan går to gonger i veka til tempelet. Her i Periyaneelavanai, Ampara, Sri Lanka. Foto: Anam Farook