Babyboom for kritisk truga papegøyeart

I fire lange år har den spesielle kakapoen venta på at det lokale rimu-treet skal ha godt med bær. Det er nemleg først då den set i gang med hekking. Heile 90 kyllingar blei fødde i år, noko som auka bestanden til 325 eksemplar.

Kakapoen kan ikkje fyka, den kan bli heile 4 kilo tung, den ser litt ut som ei ugle i ansiktet, og han er berre vaken om natta. Slik blir han også kalla nattpapegøye, eller uglepapegøye.

Lett byte

Då maoriane kom til New Zealand for om lag 700 år sidan, jakta dei på kakapoen for å få tak i kjøtet, skinn og fjør. Sidan han ikkje kunne fyka så var han eit lett byte.

Då europearane kom, hadde dei med seg kattar og rotter, noko som blei katastrofalt for kakapoane. Dei finst nemleg berre på New Zealand.

Dronten frå Mauritius

Dronte-fuglen frå Mauritius deler mykje av den same historia som kakapoen, berre at han blei heilt utrydda på 1600-talet. 

Det finst ingen fotografi av dronten. Måleri av kunstnaren Roelant Savery.

Ei stund såg det ut for at kakapoen også var utrydda. Heldigvis viste det seg at det ikkje stemde, og i 1989 starta det første verningsarbeidet opp.

Kakapoen Sirocco er noko så skjeldan som ei papegøyesuperstjerne. Han reiser verda rundt for å minna folk på å ta vare på dyr og fuglar.

Papegøyesuperstjerna Sirocco

Memen Party Parrot er inspirert av Sirocco.

Kakapoen Sirocco, som blei sjuk som liten, måtte oppfostrast av menneske og trivst ikkje saman med andre kakapoar. I staden reiser han rundt og er med på TV og internett for å minna folk om å ta vare på kritisk truga dyr og fuglar.

Sidan kakapoen kan bli 90 år gammal, har 27-åringen Sirocco framleis mange år framfor seg som verdsstjerne. Forhåpentleg vil det bli mange nye kakapokyllingboomar i hans levetid.