Brennmaneter er mykje kulare enn du trur!

Dei kan bli over 30 meter lange, fangar fisk og har levd i havet sidan dinosaurane. Me tok ein prat med forfattaren bak den nye boka Brennmanet for å finne ut kvifor desse slimete skapningane eigentleg er ganske fantastiske.

Synnøve Borge har skrive ei ny faktabok om eitt av dei mest mislikte dyra langs norskekysten. I boka får lesarane bli betre kjende med brennmaneta – eit fascinerande rovdyr som har levd i havet i over 500 millionar år.

Kvifor ville du skriva ei bok om brennmaneter?

Eg skriv for tida om dyr i havet, og brennmaneter er dyr som mange er opptekne av.

Kva er det mest overraskande du fann ut om brennmaneter?

At dei er aktive rovdyr som et fisk!

Er det noko du trur dei fleste barn ikkje veit frå før?

At dei et fisk! Og at dei kan bli lengre enn ein blåkval – over 30 meter!

Illustrasjon: Jens Kristensen

Har du sjølv vorte brend av ei brennmanet?

Veldig ofte då eg var barn og drog vad etter sild. Taua var fulle av brennmanettrådar. Det brann godt og lenge mellom fingrane etterpå, men det var ein del av greia.

Var du redd for brennmaneter før du skreiv boka?

Nei, eg har aldri vore redd for dei. Eg har berre vore oppteken av å sjå kvar dei er.

Kva håpar du at barn skal sitja att med etter å ha lese boka?

At brennmaneter også er kule dyr, med sitt eige liv, og at dei ikkje berre er ein geléklump med brennande trådar.

Illustrasjon: Jens Kristensen

Viss du kunne vore eit havdyr for ein dag, kva ville du valt – og kvifor?

Eledone-blekksprut! Desse dyra er utruleg smarte og lever eit spennande, men kort liv.

Kva er ditt beste råd til barn som møter ei brennmanet når dei badar?

Hald avstand! Dei er trege i rørslene, men brenntrådane kan vera spreidde utover eit ganske stort område, så bruk augene! Og om du blir brend: Skyl med saltvatn! Ferskvatn er ikkje lurt. Ikkje gni.