Illustratør Lisa Aisato har illustrert biletboka Trettende desember, som Ingvild H. Rishøi har skrive. Boka fortel om det Ronja opplever på luciadagen, og byggjer på ei forteljing frå romanen Stargate – en juleforteljing. Framtida Junior har spurt Aisato om korleis det var å jobba med boka.

– Då eg las Stargate, trefte boka meg rett i hjartet. Det er ei bok som alltid kjem til å vera ei av favorittbøkene mine. Derfor trong eg ikkje mykje tenkjetid før eg sa ja til dette prosjektet, fortel Lisa.
Ho hadde òg lese ei tidlegare bok av Ingvild og lenge hatt lyst til å samarbeida med henne.
– For ti år sidan las eg òg boka Vinternoveller, som Ingvild har skrive. Sidan då har eg eigentleg hatt lyst til å jobba med henne på ein eller annan måte. Eg er så glad i språket og historiene hennar.
Då dei skulle finna ut korleis hovudpersonen Ronja skulle sjå ut, snakka dei mellom anna om håret og ansiktsuttrykka hennar.
– Ho hadde ein annan type hår ei stund, og eg jobba ein del med balansen mellom sterk og alvorleg, søt og barnleg. Eg jobba òg mykje med ansiktsuttrykk, og Ingvild og eg diskuterte fram og tilbake kva Ronja kanskje kjenner i augneblinken. Det var ein spennande prosess.

Dempa fargar
Lisa brukte blyant og dempa fargar i illustrasjonane. Det var eit anna uttrykk enn i mange av dei andre bøkene hennar.
– Eg er ofte glad i sterke fargar og store kjensleuttrykk, men i denne boka ønskte me å dempa det litt. Ingvild og eg var einige om å tona uttrykket noko ned med dempa fargar og blyant. «Lågtrykk som høgtrykk» blei slagordet.
Illustrasjonane har òg små detaljar som lesarane kan oppdaga når dei ser nøye etter.
– Eg synest det er fint å ikkje visa ting altfor tydeleg.
– Eg vil heller gi lesarane høve til å gå på oppdagingsferd i illustrasjonane og oppdaga ting sjølve.
Små symbol i teikningane
Lisa fortel at ho brukar fleire verkemiddel for å visa kva ein person kjenner.
– Ein kan seia mykje gjennom ansikt og kroppsspråk: korleis ein person står, kva auga fortel, og kva ein gjer med hendene. Men ein kan òg fortelja gjennom fargar, lys og mørke og stemninga i eit bilete.
Ho har lagt små symbol inn i kantane og rammene rundt teikningane.

– Mellom anna kan ein finna eit gammaldags symbol: ein seglbåt med ei sky som blæs luft. Det betyr «hjelpa er på veg!». Det var nytt for meg å jobba på denne måten, og det var moro at Ingvild hadde så mange gode idear til småting eg kunne teikna inn i bileta og rammene.
Forfattar Ingvild var tett på arbeidet, og dei kunne endra teksten når illustrasjonane fortalde noko av historia.
– Ingvild kunne stryka tekst viss eg kunne fortelja gjennom bileta. Det blei mykje prøving og feiling og leik.

Det falske smilet
Ei av teikningane viser Stella og veninnene hennar når dei skal ta Ronja litt og finna ut om ho lyg om at Aronsen er bestefaren hennar. Lisa fekk Ingvild til å visa korleis Stella skulle stå i scena.
– Eg hadde Ingvild sin versjon av det falske smilet og kroppsspråket til Stella i hovudet då eg teikna. Det fungerte bra, synest eg.
Lisa har eit tips til barn som vil leita etter små detaljar i illustrasjonane.
– Sjå om de finn ein julenisse og dei heilage tre kongane på Tøyen torg. De kan òg sjå om de finn nokre kjende, gamle musikarar og figurar frå Bibelen i publikum når Ronja skal syngja.






















