Gaza
- Eit område i Palestina.
- Palestina er eit land som ligg i Mistausten i Asia.
- Gaza ligg ved Middelhavet og grensar til Isreal og Egypt
- Den største byen i Gaza heiter Gaza by.
- Mesteparten av Gazas befolkning er palestinske flyktningar, som flykta frå heimane sine då Israel blei oppretta i 1948.
Kjelde: Vesle norske leksikon
Barn i Gaza har i løpet av dei siste åra levd i krig. Det vil seie at dei til dømes har opplevd valdelege hendingar, redsle, svolt og å miste menneske dei er glad i.
Valden har ført til at barn har fått fysiske skader, som hovudskadar. Redsle og å miste menneske barna er glade i har ført til psykiske traume. Psykiske traume betyr at kroppen held fram med å vere på vakt og bruker energi på det heile tida. Psykiske traume kan føre til at barn ikkje har energi nok til å utvikle seg slik som er vanleg.
Både fysiske skader og psykiske traume har ført til at mange barn i Gaza ikkje lenger kan prate.
No treng over ein million barn i Gaza psykososial hjelp, mellom anna på grunn av at dei har mista taleevna, skriv Aljazeera.
Psykososial hjelp er hjelp til å handtere tankar, følelsar og vonde hendingar som til dømes vald og kriser.
Mange av barna kan få tala tilbake, men då er det viktig at dei kjenner på tryggleik, noko som er vanskeleg å få til når dei lever i krig.





















