Krig og fred er to tilstandar som pregar verda vår. I dag er det over 50 aktive krigar. Krig fører med seg øydelegging, sorg og tap av liv, medan fred gir rom for vekst, samarbeid og harmoni. I ei verd prega av konflikt er det viktig å kjempe for rettferd og forståing mellom folk og nasjonar.
Fred krev innsats, dialog og respekt for ulike kulturar og religionar. Ei verd utan krig vil vere ein plass der alle kan leve trygt, få utdanning og leve saman i fred og nesten ingen konflikt. Utdanning gir folk moglegheit til å få betre jobb. Alle skal kunne leve eit godt liv. Det er viktig at vi jobbar for fred i heile verda. Viss vi vil redde menneska på jorda vår, må vi ikkje kjempe i krig, vi må kjempe mot krig.
Skribenten går i klassen på Nordsida skule som vann skrivekonkurransen til Framtida Junior om krig og fred.






















