For det første er det mange som mistar heimen sin. For det andre er det mange som mistar familien sin. Det er viktig at krigen stoppar fordi den øydelegg landet. For det tredje blir ofte vatn og straum stengt av. Det er viktig at krigen stoppar slik at dei som vil flytte heim igjen kan det. Det viktigaste er at den som styrer og krigar må bli snillare.
Du som krigar må slutte å lyge elles vil ingen like deg, berre dei som er på laget ditt. Det er viktigare at alle har fred og eit godt liv. Du øydelegg liva til andre. Du øydelegg jorda og tinga til andre. Du tenker ikkje på andre. Du tenker berre på laget ditt og deg sjølv. Du bryr deg berre om at du får gode våpen.






















