Noreg har ein litt spesiell historie når det kjem til mannsdagen. Den internasjonale mannsdagen som starta å bli markert i 1999, kom heile elleve år etter Noreg hadde etablert sin eigen mannsdag.
Mannskomiteen-88
I 1988 gjekk biletkunstnar Arne Bendik Sjur og psykologane Bjørn Skar Ødegaard og Bjørn Blumenthal saman og danna Mannskomiteen-88. Det var då 7. oktober som var dagen dei markerte.
Seinast i 2004 markerte menn 7. oktober med tog for farens rettar etter eit samlivsbrot, ifølgje Dagsavisen. Eit samlivsbrot i denne samanheng er når foreldre går frå kvarandre.
Men 7. oktober vart ikkje markert med same oppmøte i åra etter i Noreg. Ifølgje Wikipedia, var det først i 2011, då dagen vart markert for første gong 19. november, at det har vore meir arrangement for å setje lys på ulike tematikkar knytt til menn.
Feiring av menn og gutar
I Noreg blir mannsdagen markert med ulike arrangement. Det har ikkje vore noko særleg tog som markering til lands, men i Oslo vert to konferansar arrangert, ein av MannsForum og ein av Reform.
Kvar av dei set lys på viktige tema rundt menn og deira helse. MannsForum har fokus på kva samfunnet forventar av menn, og kva menn kan forvente av samfunnet. Reform har to tema, der eitt av temaa er gutar og psykisk helse.
Internasjonalt vert det arrangert ein livestream frå Australia, der temaet er «Celebrating men and boys/Feiring av menn og gutar».






















