I dag feirar amerikanarane Thanksgiving

Thanksgiving blir alltid feira den fjerde torsdagen i november.

Den årlege høgtidsdagen var i utgangspunktet ein takkefest for gode avlingar og andre gåver ein hadde fått i løpet av året.

Den fyrste hausttakkefesten i Amerika blei holdt i 1621, då kolonistane takka Gud for ei god avling.

Kolonistar var innflyttarar som busette seg i landet.

I fylgje amerikansk tradisjon blir høgtida avslutta med ein stor middag med kalkun, tranebær og graskar, poteter og grønsaker.

Det er også vanleg med fotballkampar og paradar. I New York har dei den største. Paraden varar i heile tre timar.