Kvifor har vi ein internasjonal jentedag?

Den internasjonale jentedagen er ein FN-dag som markerast 11. oktober. Det er ein grunn for at vi markerer denne dagen.

Fokuset for dagen er å setje situasjonen til jenter, særleg i fattige land, på dagsorden. Dagen blei innført i 2011 av FN si generalforsamling.

Kvifor har vi denne dagen?

Jau, det har seg slik at i den store verda er det flest jenter som er fattige. Det er færre jenter enn gutar som fullfører grunnskulen. Jenter blir utsatt for meir vald, og mange fleire jenter enn gutar døyr før dei har fylt fem år.

Jenter har større risiko for å bli smitta av hiv enn gutar. Samtidig som at det kan skje ting under graviditet og fødsel som utgjer den største dødsårsaka for jenter mellom 15 og 19 år.

  • 75 millionar jenter går ikkje på skule.
  • 2/3 av alle analfabetar i verda er kvinner.

8. mars er Den internasjonale kvinnedagen.

(Kjelde:FN-sambandet)