To år med krig og bombing set spor. Fleire hjelpeorganisasjonar gjer det dei kan for å hjelpa i Gaza. Redd Barna tilbyr trygge stader for barn å leika og teikna. Teikning hjelper barn med å takla det dei har vore vitne til under krigen, og hjelper barn med å behandla og uttrykkja kjensler dei enno ikkje klarer å fortelja om.
Fleire av barna har teikna og laga kunst som viser den nådelause bombinga dei har opplevd i Gaza, med missil som øydelegg heimar, krigsfly som flyg over leikeplassar og nabolag – og livet på flukt.

Men teikningane viser òg håp for framtida.
– Desse teikningane viser kva barn i Gaza ønskjer seg – ting alle barn har rett til, men som desse barna blir nekta: tallerkenar med mat, utdanning, tryggleik og ei framtid, sa Ahmad Alhendawi, regiondirektør for Redd Barna, då teikningane blei delt med media sist fredag.

Redd Barna seier i ei pressemelding at det å teikna gjev barna i Gaza ei kjensle av kontroll og motstandskraft. Sidan dei fleste aktivitetane går føre seg i grupper, fremjar teikning tilknyting til jamaldrande og sosial støtte, og hjelper barn å sjå at andre kan ha liknande kjensler.




