– Tare finst i rundt 600 produkt, seier tareforskar Katharina Nøkling-Eide til Ung.Forskning.no.
Tare blir brukt i for eksempel is, bandasjar, medisinar, energidrikker og vegetarburgarar. Stoffet heiter alginat, og gjer at softisen blir mjuk, men likevel held forma.
Taren er også bra for klimaet. Den treng berre sollys, sjøvatn og CO₂ for å veksa, og syg opp klimagassar frå lufta.

50 millionar tonn
Langs kysten vår veks det 50 millionar tonn tare, men berre ein liten del blir hausta.
– Me kan hausta på same stad etter fem år. Då rekk taren å veksa seg stor igjen, seier taresankar Trond Helgerud til Ung.Forskning.no.
Forskarar meiner me bør dyrka meir tare i havet.
– Derfor meiner eg at me i Noreg nærast har ei plikt til å dyrka meir tare, seier Katharina Nøkling-Eide.