– Då eg var liten, tenkte eg at ingen andre kranglar så mykje som oss. Det er ingen andre filmar som viser at det er vanleg. Vi viser fram at det er vanleg å krangle eller å vera redd, og at det er greitt, seier Todd.
Todd og søstera Stella er stjernene i dokumentarfilmen Todd & Super-Stella. Filmen er laga av mora deira, Mari Monrad Vistven. Ho har filma borna frå dei var 3 og 5 år gamle, til dei var 10 og 12.
Ekte gråt
Filmen handlar om forholdet mellom dei to søskena. Dei kranglar, dei er sjalue, dei er redde for å ta vaksine eller å hoppe frå ei klippe ut i vatnet. Publikum får også høyra om tankane til Stella og Todd undervegs.
Begge søskena fortel at dei har skjønt meir om kvarandre, og kva dei har tenkt gjennom barndommen, etter å ha sett filmen. Mamma og filmskapar Mari håpar at born som ser filmen, kan kjenna seg igjen i situasjonane, i søskenkrangling, frykt og sjalusi, og at det kan bli lettare å snakka om kva ein føler. Ho seier at mange filmar for born handlar om superheltar og magiske krefter. Det er få som viser fram vanskar som born har i kvardagen.
– Det er fint å sjå ekte kranglar og ekte gråt. Ein treng ikkje å vera flau over kjenslene sine. Dei er normale og viktige. Og det er lov å synest at broren eller systera di ikkje er så kul, seier ho.
Like born
Dei to søskena fortel at dei vart vane med å bli filma gjennom åra.
– Vi var berre oss sjølve. Vi måtte ikkje spela. I starten var det gøy å vita at det skulle bli film, men etter kvart vart det ganske slitsamt. Men det var verdt det, fortel Todd.
– Etter kvart gløymde eg at kameraet var der, seier Stella.
Søskena har vore med rundt på filmvisingar i fleire byar i Noreg, og dessutan har dei vore med og vist filmen på ein festival i Hellas. Dei har fått mange fine tilbakemeldingar frå skuleklassar og familiar. På visninga i Hellas kom borna i publikum løpande opp på scena for å klemme Stella og Todd etter filmen. Det er tydeleg at filmen har gjort inntrykk på mange.
– Det er gøy at dei synest at vi verkar så spesielle når vi berre er oss. Sjølv om det er eit land langt unna, er born veldig like, seier Stella.
– Responsen har vore veldig bra. Det er mange som seier «eg kranglar òg med broren eller søstera mi», seier Todd.