– Me veit ikkje kvar det er plassert, så me skal besøka Pepperkakebyen og leita etter det, seier familien og legger til:

– Det blir nesten som ei skattejakt!

Sentimental meining

Ikkje knus: Kaspar og Malin er stolte over at peparkakehuset deira skal stillast ut i år, då det betyr mykje for dei.
Foto: Pepperkakebyen

Eitt år seinare enn dei hadde planlagt, har Malin og Kaspar endeleg fått levert peparkakehuset sitt til Pepperkakebyen i Bergen.

Huset har hatt ein heilt spesiell meining for dei. Grunnen er at ein av dei tre hus-pyntarane ikkje får moglegheit til å sjå det utstilt.

– Farmor var dårleg og skranten då me skulle pynta huset, men ville likevel koma heim til oss for å hjelpa, seier Malin.

Jula kom og gjekk, og så vart farmora veldig sjuk. I februar, på bursdagen til Kaspar, døydde ho.

– Det var ein veldig trist bursdag, seier Kaspar.

Heidersplassen i stova

Planen var at huset skulle leverast til Pepperkakebyen i fjor, men så vart det endringar på leveringsfristen. Plutseleg var fristen forbigått.

– Då vart det stor oppstandelse i heimen. Det kjendest litt kjedeleg, men me bestemte oss for å ha det i stova i juletida, seier pappa Trond.

På eit tidspunkt var det tid for å pakke ned jula. Nissar, julekuler og juletre vart vaska ut av heimen, men peparkakehuset var det ikkje snakk om å kasta.

– Då sette ungane raskt ned foten. Det var ikkje aktuelt, peparkakehuset var alt for viktig for å hamne i bosset, seier Trond.

Sidan då har huset hatt heidersplassen i stova.

Før pynting: Slik såg huset ut før det vart pynta av farmor og Malin i fjor.
Foto: privat

Dedikert til farmor

Farmor og Malin pynta huset saman. Malin har dedikert huset til farmor på ein heilt spesiell måte.

– Det er pynta med ein stor F på den eine sida av huset, seier ho.

– Kva tenkjer de å gjere med huset når Pepperkakebyen stenger for i år?

– Då trur eg me må knuse det, seier Trond.

Kaspar er ikkje heilt enig. Han vil ikkje at det skal knusast, og vil helst at det skal bli med heim att etter at det har sola seg i Pepperkakeby-glansen.

– No får alle som besøker Pepperkakebyen sjå huset vårt, og me har heldigvis minna å ta vare på, avsluttar Trond.