Julius er blitt pappa for fjerde gong

Ein baby-sjimpanse var fødd i Kristiansand Dyrepark på måndag. Det står bra til med både barn og mammaen som heiter Jane.

Kva kjønn det er på det vesle, nye tilskotet i sjimpanseflokken, veit dei enno ikkje, skriv NRK.

– Då Jane held babyen tett inntil seg og passar godt på, har det har ikkje vore mogleg å sjå enno, siger Helene Axelsen som jobbar som biolog i Dyreparken.

Dyrepassarane i Dyreparken har vist At Jane har vore gravid. Dei har også vist at det er Julius som er faren. Likevel hadde dei ikkje heilt oversikt over når barnet skulle komma, så fødselen kom litt uventa på dei.

Les også: Hurra for Julius!

Pappa for fjerde gong

Dette er det fjerde barnet til kjendis-sjimpansen i Dyreparken, då Julius har fått tre barn med Jane tidlegare.

To av dei lever i dag. Dei heiter Yr (10) og Julius Junior (18).