Studien var inspirert av barn som lærer seg å telje, skriv CNN. Viss eit barn har tre leiker framfor seg, lærer det å telje leikene anten ved å seie høgt «ein, to, tre», eller «ein, ein, ein».
No viser det seg at kråker kan gjere det same.
Kråker planla kor mange gonger dei skulle seie «kra»
Forskarane trente tre svartkråker i 160 økter. Kråkene lærte å kople noko dei kunne sjå, som eit blått 1-tal, med noko dei kunne høyre, som eit trommeslag, og å lage like mange «kra», eller kråkeskrik som talet. Dette lærte dei med tala 1 til 4. Viss kråkene sa «kra» like mange gonger som talet dei blei vist, fekk dei ein godbit.
Etter kvart tok det lenger tid før kråkene reagerte på kvart tal. Forskarane meiner at kråkene begynte å planlegge kor mange gonger dei skulle seie «kra».
– Hjernen til kråker kan gi eksempel på ulike mengder, og kråker kan raskt lære å matche tal med dei mengdene – noko menneske vanlegvis må lære barna sine, seier biologiprofessor Heather Williams til CNN.