– Klassen var veldig stolte av seg sjølve, skriv lærar Elisabeth Sigaard Haugland i ein e-post til Framtida Junior. Klassen i Alver kommune vann i konkurranse med kring 200 elevar frå heile Noreg.
Konkurransen om heltar var i regi av Foreningen Les! og Framtida Junior i samband med Tid for ti-aksjonen.
Klassen jobba med prosjektet i alle norsktimane i tre veker. Dei fekk munnleg og skriftleg rettleiing undervegs. Premien er klassesett av papiravisa Framtida Junior og 1000 kroner i klassekassen. Klassen har veldig lyst anten å dra på kino, trampolinepark eller ha pizzafest.
Teksten til Luna Angela (11) frå vinnarklassen kan du lesa her!
Fleire vinnarar – og fleire heltar
Juryen fekk inn mange gode tekstar, og har òg kåra nokre individuelle vinnarar. Førsteplassen går til Lone Caroline Toxborg Møller Hetland frå Ogna skule på Jæren.
Den rørande teksten ho har skrive om faren sin kan du lesa her!
Mange av tekstane handlar om vanlege heltar som foreldre og andre familiemedlemmar. Medan andre handlar om historiske personar – alt frå Jesus til Rosa Parks – og nokre andre handlar om oppdikta superheltar. Fleire av dei beste tekstane kjem på Framtidajunior.no dei neste vekene.
Dei andre vinnarane av skrivekonkurransen:
Patrick Pulido Ulvang, 7B, Munkerud skole
Eldrid Utgaard, 6. trinn, Lesja skule
Julie Zwart Botnen, Lærdalsøyri skule
Romeu Sanchis Lorente, 6B, Sveio skule
Mykolas Jurcikonis, 6 klasse, Halsnøy skule
Johannes Kvame Brosvik, Brekke skule
Malaika Xia Bentham, Osloskolen