Mine miljøheltar

Vi må snakke om det menneske øydelegg i naturen, med vindmøller og dumping av stein i Førdefjorden.

Alle dyra i Førdefjorden er i fare. Dette er heilt forferdeleg og vi kan heller ikkje bade der lenger.

Visste du at naturen sine verste fiendar er menneske? Utanom dei som kjempar for naturen, naturlegvis. Dei som kjempar for naturen, dei beundrar eg. Dei som lenker seg fast og kjemper og diverre får bøter.

Men no vil eg fortelje om to miljøheltar frå røynda. Dette er mormora mi og onkelen min som bur ved Førdefjorden på ein nydeleg plass som heiter Vevring. Eg vart fødd i Førde og budde i Vevring, ved Førdefjorden til eg var eitt år gammal. Då flytta eg til Manger.

Nok om meg, tilbake til heltane som eg lova å fortelje om. Dei har begge to lenka seg fast med kjetting og hengelås for å hindre store anleggsmaskiner i å øydelegge miljøet. Dei nekta å flytte seg og til slutt klipte politiet lenkene med ei stor kjettingsaks. Dei nekta fortsatt å flytte seg, då vart dei bore vekk av mange politifolk og køyrd med politibil inn til Førde og fekk kvar sin bot på 10.000 kroner.

Luna Angela vann skrivekonkurransen til Framtida Junior og Foreningen Les! saman med klasse 5A på Manger skule. Foto: Privat

Tenk! Mi eiga mormor på 70 år vart bore vekk av politiet. Mormora mi har teke vare på dei avkutta lenkene. Eg får sjå dei når eg er på besøk hjå ho. Huset hennar er næraste nabo til den kommande gruva, og ho må faktisk flytte om det vert gruvedrift. Huset og plassen der eg har nokre av mine finaste sommarminne frå. Eg får også god fisk frå Førdefjorden til middag når eg er på besøk der.

Ved Vevring som ligg ved Førdefjorden ligg det eit fjell på rundt 400 meter over havet som heiter Engebøfjellet. Dette fjellet er veldig verdifullt, fordi det har eit mineral som heiter rutil i seg. Dette mineralet kan brukast til mykje forskjellig. Til dømes gjere måling kvitare eller vidareforedlast til titan.

Gruveselskapet Nordic Mining vil tene pengar ved å vinne ut dette mineralet. I denne prosessen vil dei dumpe alt som er til overs frå gruva rett ut i Førdefjorden, som er ein nasjonal laksefjord. Dette vil blant anna føre til fiskedød og ein dårlegare fjord. Eg og mine miljøheltar vil gjere alt vi kan for å stogge dette!

Del meininga di med oss! Send e-post til junior(a)framtida.no!