Min ekte superhelt, Pappa

Alle er superheltar, men det er ein som stikk seg ut. Han er verken Spiderman eller Batman, han er Pappa, skriv Lone Caroline Toxborg Møller Hetland i denne teksten som vann skrivekonkurransen vår om heltar.

Det er mange grunnar til at eg valde pappa, men den største er nok at eg saknar han så mykje.

Eg saknar han fordi han døydde då eg var sju og eit halvt.

Det er den verste tingen eg har opplevd i heile mitt liv, men livet går framover. Sjølv om du likar det eller ikkje.

No har det gått fire år siden han døydde. Eg gløymer han jo ikkje, og som eg sa, så saknar eg han jo kvar dag. Kvar dag skulle eg ønskje han var her.

Han var min helt, fordi han alltid var der og var nesten alltid glad og det gjorde meg glad inni meg. Han var morosam, eller han prøvde å vera morosam. Ein gong då eg var lita og han skulle klippa tåneglene mine, så tulla han med at han skulle klippa av tærne mine! Han syntest det var sjukt morosamt, men eg byrja å grina og sprang til mamma. Mamma sa: Inge då, du må ikkje skremma ungane!

Ein anna heilsprø ting han sa, var at det budde eit troll i kjellaren vår og dersom me ikkje oppførte oss godt, så kom det opp når me sov.

Det er nokre av tinga eg hugsar best.

Eg kjem alltid til å hugsa deg, uansett.

Superhelten min, Pappa.