Å vere i naturen kan auke helsa og velvære til barn som bur i byen. Det fann forskarar ved University of Waterloo i Canada ut, skriv CBC.
Forskarane tok med seg 70 barn i alderen 9 til 17 år på tur i den canadiske byen Kitchener. Dei stoppa sju ulike stader i to til tre minutt, både midt i byen og i område med natur, som ein park.
På slutten av turen bad forskarane barna om å rapportere korleis dei følte seg på kvart stopp.
Barna gav høgare score på stoppa som var i område med natur, og lågare score på område som var travle med byliv. Dei var meir nervøse på bystoppa, og meir rolege og glade på naturstoppa.
– Hovudgrunnen til at vi ønskte å spørje barn korleis dei følte seg i desse områda, er fordi barn vanlegvis er ignorerte i all type planlegging eller avgjersler om bygging i by som vil påverke dei, sa hovudforskaren Leia Minaker til CBC.