Frost-musikal kjem til Oslo

Det Norske Teatret set opp Disney sin braksuksess.

Elsa og Anna er populære Disney-figurar. No kjem dei til scenen i alle dei nordiske landa, fortel Det Norske Teatret i ei pressemelding.

Då Frost kom på kino i 2013 overtok den tittelen for høgast tenande animasjonsfilm som til då hadde høyrd til Toy Story 3.

Frå oktober kan ein sjå skodespelarane Mimmi Tamba og Ina Svenningdal i rollene som Elsa og Anna, dronning og prinsesse av Arendell på scenen, skriv NRK.

Musikalen har premiere på Det Norske Teatret i Oslo 14. oktober i år.

Ny versjon

Regissør Gísli Örn Garðarsson skal gjera musikalen klar for nordiske scenar. Foto: Arni Beinteinn/Det Norske Teatret

Musikalen har tidlegare blitt sett opp på verdskjende Broadway i New York, men versjonen som kjem til Norden er heilt ny.

– Å få lov å ta Frost heim til Norden er i ei stor tillitserklæring frå Disney. Og ei ære! Eg storgleder meg til å laga den nordiske versjonen av hit-musikalen Frost, seier regissør Gísli Örn Garðarsson.