Fakta om Gaza
- Gaza er eitt av to område som høyrer til Palestina. Det andre er Vestbreidda.
- Gaza ligg ved Middelhavet og grensar til Israel og Egypt. Den største byen heiter Gaza by.
- Det bur om lag to millionar menneske i Gaza. Det er eit av områda i verda der folk bur tettast.
- Mange av dei som bur i Gaza, er barn og unge.
- Mesteparten av befolkninga i Gaza er palestinske flyktningar frå 1948. Mange av dei som bur der, kom til Gaza etter å ha flykta under krigane i 1948 og 1967.
- Mange i Gaza er avhengige av hjelp frå organisasjonar for å klara seg.
Kjelde: Lille norske leksikon
LES FAKTALUKK FAKTA
WFP åtvarar om at menneska i Gaza framleis treng mykje hjelp. Kuttet betyr at 1,1 millionar palestinarar får månadleg hjelp frå WFP. Dei får hjelp i form av mat eller pengar. Det er rundt halvparten av befolkninga i Gaza, skriv NRK.
WFP har også halvert mathjelpa til palestinarar på den okkuperte Vestbreidda. Også der skuldast kuttet mangel på pengar.
Det var nyheitsbyrået AFP som fyrst omtala saka.






















