Skapar julestemning for tusenvis av born

Mette Bertine, Thelmine og Christian får kjenne litt ekstra på julestemninga i år.

Dei har nemleg hovudrollene i musikalen Putti Plutti Pott og julenissens skjegg i Oslo Spektrum i desember. Mette Bertine Sagen (7) speler Putti, medan Christian Albert Binde-Knudsen (8) og Thelmine Vanay Olafsen (10) speler søskenparet Petter og Caroline.

– Vi får veldig gode minner som vi kjem til å hugse for alltid, seier Thelmine.

I alt er det mellom 30 og 40 born med på scena gjennom stykket.

Ingen sceneskrekk

Det er over 3.000 plassar i salen. Med 7 førestillingar i Oslo Spektrum blir det over 20.000 personar som skal sjå Mette Bertine, Thelmine og Christian opptre.

Det er første gong dei tre opptrer på ei så stor scene. Thelmine skulle vere med i førestillinga i fjor, men då vart stykket avlyst i siste lita på grunn av koronaviruset.

Heldigvis har ingen av dei sceneskrekk. Men dei er veldig spente likevel.

– Det blir veldig gøy, og så kan vi grue oss litt, seier Mette Bertine.

NISSAR: Det er mellom 30 og 40 born med på scena gjennom stykket. Foto: Troll Production AS

Mykje å lære

I det siste har borna vore travle med å lære seg replikkar og songar. Det er mange kjappe og lange liner dei skal pugge. Men dei har ikkje måtta ta fri frå skulen for å vere med i stykket.

– Historia er gøy, for det er så mykje kaos, og vi gjer mykje forskjellig, seier Mette Bertine, som startar stykket med å falle ned gjennom pipa.

Gler seg til jul

Christian fortel at han får skikkeleg julestemning av stykket. Det er trass alt nissar og reinsdyr, tett snø og julegåver på scena. Dei tre borna synest det er kjekt å kunne vere med og skape juleminner for både born og vaksne.

– Det blir kjekt når vi skal møte julenissen – den ordentlege julenissen! seier Christian.

Alle tre gler seg stort til jul.

– Det kjekkaste er å vere i lag med familien, men eg gler meg ekstra mykje i år sidan vi skal spele i Putti Plutti Pott, seier Christian.

Elles gler dei seg til å bake pepperkaker, sjå på julekalender på TV og ete mykje god mat. Og til gåvene, sjølvsagt.

– Er det kjekkast å gi eller å få gåver?

– Gi!

– Få!

– Gi og få!

 

Dette ønskjer dei seg til jul

– Marsvin, seier Mette Bertine.

– Elektrisk drone med kamera, seier Christian.

– Ulike småting og teaterklede, seier Thelmine.