Riksteatret søker Minecraft-spelarar

Teateret leiter etter barn og unge som ønsker å spele Minecraft på teaterscena.

Framsyninga «Det mørke fortet – Et Minecraft-eventyr» handlar om Vegar, som elskar Minecraft. Men han har det vanskeleg fordi han må flytte frå mora si til ein heilt ny stad der han ikkje har venner. Ein dag møter han Marah, som også speler Minecraft. Men så oppdagar Vegar at nokon er etter han.

– Vi håper at «Det mørke fortet» kan bli ei familieframsyning der barna lærer om livet og dei vaksne lærer om barna, seier sjefen i Riksteatret, Arne Nøst, i ei pressemelding. ­

Vil ha med lokale Minecraft-spelarar

Teaterframsyninga blir spelt på 65 stader i heile landet frå 23. februar neste år. På kvar stad ønsker Riksteatret å ha med barn og unge mellom 11 og 15 år i framsyninga som «skodegamarar». Ein skodegamar får spele Minecraft på teaterscena.

Viss du er interessert i å bli med i framsyninga, kan du lese meir på heimesidene til Riksteatret.