Ole Brumm fyller 100 år

Den første boka om Ole Brumm kom ut 14. oktober 1926. I dag fyller den honningglade bjørnen 100 år.

Robert Mjelde Flatås, førstelektor i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet, meiner forteljingane om Ole Brumm framleis har mykje å seia. Dei kan opna for samtalar om korleis vi tek vare på kvarandre og møter motgang. I Hundremeterskogen er det plass til ulike typar – og alle høyrer til, skriv VG.

– Eg meiner Ole Brumm kanskje er viktigare enn nokon gong, seier han til nyheitsbyrået NTB.

Pytt, pytt, det ordnar seg

– Då tenkjer eg spesielt på pressamfunnet som ein del barn og unge lever i, med umoglege førebilete i sosiale medium, og der dei skal prestera og ikkje vera mislukka.

– Som Ole Brumm seier: «Pytt, pytt, det ordnar seg.» Det er lov å vera litt naiv og gjera feil. Livet har både oppturar og nedturar. Ein må ikkje berre gi opp, men våga litt, seier Mjelde Flatås.