Desse jentene såg Frost 2 med Hollywood-kjendisane

Frost 2 er verdas første Disney-film med samisk tale. Gudrun Ellá Márge (10), Ida Elisa (10), Inga Ristin (11) og Elli Då´mnn (10) fekk sjå filmen lenge før Noregspremieren.

Superstjerna Selena Gomez og veslesystera Gracie Elliot Teefey var på same premiere. Foto: Jordan Strauss/Invision/AP

– Det er litt merkeleg. Fordi det er ikkje heilt sånn i Karesuando, seier svenske Gudrun Ellá Márge Nutti (10).

Saman med internasjonale stjerner som Selena Gomez er fire samiske jenter i kofter på veg inn for å sjå Frozen 2.

Joik og Northuldra

I Frost 2 kan ein høyre både joik og møta folket Northuldra. Desse er inspirert av samane, difor har Sametinga i Noreg, Sverige og Finland samarbeidd med Disney.

Den norske sametingspresidenten Aili Keskitalo har fortalt at det var viktig at dersom Disney Animation skulle henta inspirasjon frå samisk kultur, så var det viktig at samane ikkje vert flaue eller lei seg når dei såg resultatet.

– Det skal vera noko som me kan relatera til, noko attkjenneleg og ikkje noko som forsterkar fordommar om samar, sa sametingspresidenten.

Kjendisfest i Hollywood

Fordi foreldra til jentene er leiarar i Sametinga har dei fått vitja Disney Studios for å sjå korleis filmen vart laga.

På veg inn til kinoen står journalistar for å spørje kven som er favorittkarakterane deira.

– Olaf og Elsa! svarar jentene.

Dei gler seg til å sjå filmen, men òg til å vere på etterpåfesten saman med dei store Hollywood-stjernene.

Torsdag 7. november var internasjonale kjendisar samla for premieren på Frozen 2. Blant dei var fire samiske jenter frå Noreg, Sverige og Finland. Frå venstre: Norske Inga Ristin Nystø Keskitalo (11), Gudrun Ellá Márge Nutti (10), Ida Elisa Blind (10) og Elli Då´mnn Aikio (10). Foto: Siv Eli Vuolab/Sametinget

Verdas første samiske Disney-film

Den første Frost-filmen vart sett om til 41 språk og spelte inn 1,2 milliardar amerikanske dollar.

Når Frost 2 kjem på norske kinoar 25. desember kan du velje om du vil sjå han med norsk eller nordsamisk tale. Det er første gang i historia at ein Disney-film vert dubba til samisk.

På samisk heiter filmen Jikŋon 2. «Stjernekamp»-vinnar Ella Marie Hætta Isaksen skal ha den samiske stemma til den nye karakteren Honning-Maren, men det er framleis ikkje kjent kven som har dei samiske stemmene til Anna, Elsa, Olaf og Sven.