Korleis har krigen påverka ukrainske barn?
- Over 1200 barn har blitt skadd eller drepne i løpet av krigen.
- Nesten 6 millionar menneske er internt fordrive.
- Nesten alle barna i landet manglar straum, oppvarming eller reint vatn.
- 5,7 millionar barn har mista viktig skulegang.
- Tusenvis av barnehagar og skular har blitt øydelagde i bombeangrep.
Kjelde: UNICEF/FN
Krigen i Ukraina har ført til at 5.7 millionar barn har mista viktig tilgang på skule.
– Er det noko barn verkeleg treng for å klara seg best mogeleg i ein truande og uføreseieleg situasjon, så er det rutinane, tryggleiken og læringa skulen gjev, meiner Kristin Oudmayer.
Ho er direktør for barn sine rettar og berekraft i UNICEF. Dei arbeidar for at barn sine rettar blir haldt ved lag i heile verda.
Går på skulen under bakken
Nesten dagleg skjer det nye bombeangrep i ukrainske byar. På grunn av angrepa er mange nøydde til å opphalde seg under bakken, i bomberom, t-banestasjonar og kjellarar.
– For mange barn i Ukraina er kvardagen skikkeleg utrygg og kaotisk. Nokre barn går i barnehage og på skule i bomberom langt under bakken, men mange får ikkje ein gong den mogelegheita, fortel Oudmayer.
Å gå på skulen er viktig for å veksa opp, utvikla sosiale eigenskapar og å få seg vener. Ungane som lever under bakken mistar mange av desse moglegheitene.
Angrep på sivile
I ein krig hender det ofte at sivile, altså dei som ikkje er med i militæret, blir angripne. I løpet av det siste året har mange sivile blitt utsett for bombeangrep. UNICEF fortel at kvardagen er skummel for ukrainske barn.
– Situasjonen for barna i Ukraina er kjempealvorleg og det hastar å få fram livsviktig hjelp til dei millionane av barn som lid, fortel Oudmayer.
– Angrepa og overgrepa mot sivile må opphøyra med det same, og me ber det internasjonale samfunnet om å sørgja for at dei som gjer brotsverk mot barn i Ukraina, blir stilt til ansvar, seier Birgitte Lange frå Redd Barna til Transit magasin.
Lagar barnevenlege sonar
Oudmayer fortel at UNICEF og liknande organisasjonar går inn i urolege område der det er mange barn for å laga barnevenlege stader.
– På desse plassane kan barn vera trygge saman med vaksne. Der får dei leika, læra, tulla og tøysa samstundes som dei får høve til å snakka om det vonde dei har inni seg, fortel ho.
Les også: Eit år med krig i Ukraina