Dariia går no på 6. trinn ved Lesja skule, og blei glad og overraska då ho fekk beskjed om at ho var ein av vinnarane av skrive- og teiknekonkurransen. Ho vann med ei teikning om å reisa med ei tidsmaskin til den siste sommaren med fred i Ukraina.
Sjå den fine teikneseriestripa hennar her:

Dariia og mora hennar kom til Noreg frå Ukraina då Russland gjekk til angrep på Ukraina for litt over fire år sidan.
– Eg teikna katten min, seier Dariia. Ho saknar katten sin og vennene og familien heime i Ukraina.
– Eg håpar krigen skal slutta slik at eg kan reisa heim til Ukraina, seier ho.
Daria trivst på Lesja.
– Det er fint her. Ikkje så stor by. Eg budde i ein stor by i Ukraina. Her er det meir natur, og kaldare enn i Ukraina. Det pleier å vera mykje varmare i Ukraina, fortel ho.
Daria likar skulen og har lyst til å bli lege når ho blir stor.
Teikneserien var ein av vinnarane av teikne- og skrivekonkurransen til Framtida Junior og Stiftelsen Lese. Sjå fleire av vinnarane her!























