Eit år med krig i Ukraina

I dag er det eit år sidan Russland gjekk til angrep på Ukraina. Det siste året har mange mista livet, men det ukrainske folket kjempar framleis for fridomen sin.

I eit år har ukrainske folk kjempa for å ta tilbake landet sitt etter Russland invaderte. Skular, barnehagar og sjukehus er blitt øydelagde i av bombing og no sit nesten alle ukrainske barn utan straum, oppvarming og reint vatn, fortel UNICEF.

Sidan 90-talet

Det har vore spenning mellom dei to landa i mange år. Sidan Sovjetunionen vart oppløyst på 90-talet har dei to blitt meir og meir usamde. I 2014 tok Russland eit ukrainsk område som heiter Krim i ei annektering.

24. februar i fjor gjekk russiske styrker inn i Ukraina. Ifølgje den russiske regjeringa var målet å frigjera Ukraina frå eit udemokratisk regime.

Russland si regjering seier at det er mange etnisk russiske i Ukraina som ikkje blir behandla rettferdig av ukrainske myndigheiter, skriv BBC.

Russland er òg bekymra for at Ukraina skal bli med i NATO, slik mange av dei andre tidlegare Sovjetiske landa er blitt.

Presidenten i Ukraina, Volodymyr Zelenskyj har styrt landet sidan han vann valet 2019. Ukraina og mange vestlege land meiner invasjonen er ulovleg, fortel nyhendebyrået AP.

President Biden på besøk til Kyiv i Ukraina for å møta President Zelenskyj og å markera at krigen snart har haldt på i eit år. (AP Photo/Evan Vucci)

Internasjonal støtte

Etter invasjonen har mange land sendt stønad i form av pengar, utstyr og våpen til Ukraina. Blant anna har Noreg gjeve masse pengar til organisasjonar som driv med humanitært arbeid i områda råka av krigen.

Måndag kom USAs president Joe Biden på besøk i Ukraina for å visa støtte til ukrainsk sjølvstende.

– Putin trudde Ukraina var svakt, og at vesten var splitta. Han trudde me ikkje skulle stå saman. Han tok feil, sa Biden under ein pressekonferanse i hovudstaden Kyiv.

Krimhalvøya markert i raudt, medan resten av Ukraina er gult.
Illustrasjon: Erik Bolstad/Store norske leksikon.
CC BY SA 3.0-lisens

Hard motstand

Fleire ekspertar meiner Putin vart overraska over kor hardt ukrainske folk kjempa mot invasjonen. Etter eit år har ikkje Russland klart å ta over meir enn eit par område mellom Russland og Krim-halvøya, viser ei oversikt frå Live UA.

Ukraina har for det meste klart å kjempe tilbake russiske forsøk på å ta over landet deira.