Det er 50 prosent meir karbondioksid (CO₂) i atmosfæren enn i førindustriell tid, ifølgje amerikanske National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). Førindustriell tid betyr perioden før industrialiseringa skaut fart på slutten av 1700- og starten av 1800-talet.
- LES OGSÅ: Vil lagra CO₂ i havet
Sist det var så mykje CO₂ i atmosfæren ,var om lag 4,1-4,5 millionar år sidan. Då var havnivået 5–25 meter høgare enn det er i dag og det var skog i delar av dagens Arktis.
Gjennom mesteparten av menneskeleg eksistens, fram til den industrielle revolusjonen på 1800-talet, var CO₂-nivåa stort sett på ein jamnt nivå.