Programmet skal styrkja straumnettet og gjera det mogleg å lagra meir straum. Straumnettet er leidningane og anlegga som fraktar straum til mellom anna hus, skular og fabrikkar. Lagring gjer at straumen kan brukast seinare, når han trengst.
Målet er å nå ein kapasitet på 900 GW innan 2035 frå kraftverk som ikkje bruker kol, olje eller gass. Dette omfattar mellom anna solkraft, vindkraft, vasskraft og atomkraft. I dag er denne kapasiteten rundt 300 GW. Målet er altså å gjera han tre gonger så stor.
Stort behov
GW står for gigawatt og fortel kor mykje straum kraftverka kan laga på éin gong når dei går for fullt. Til samanlikning har alle dei norske vasskraftverka ein kapasitet på rundt 34 GW. Målet til India er meir enn 26 gonger så stort.
Frå 2000 til 2020 blei Indias behov for straum nesten fire gonger så stort, skriv Framtida.
Mykje av straumen blir laga ved å brenna kol. Dette slepper ut stoff som gjer lufta urein. Urein luft kan gjera menneske sjuke og er eit stort helseproblem i landet.






















