Kvifor får me støyt når me tek på noko?

Det skjer oftast om vinteren. Du går over eit teppe, tek i bildøra eller helsar på ein ven. Plutseleg stikk det i fingeren. Det kan overraska, men det er heilt ufarleg.

Du har sikkert høyrt om elektrisitet i leidningar. Men visste du at kroppen òg kan samla elektriske ladningar?

Når du går over eit teppe eller tek av deg ein ullgenser, kan små elektriske ladningar byggja seg opp på kroppen. Du merkar ingenting. Ikkje før du tek på noko av metall. Den same elektrisiteten kan òg få håret til å stå rett opp. Har du nokon gong sett det når du tek av deg ei ullue eller gnir ein ballong mot hovudet? Då får hårstråa same elektriske ladning og skyv kvarandre frå seg.

Ladninga vil ut

Metall leier straum svært godt. Når du tek på eit dørhandtak, ei bildør eller eit handtak av metall, hoppar den elektriske ladninga frå kroppen din over til metallet.

Det skjer så fort at du berre kjenner eit lite stikk. Av og til kan du til og med sjå ein bitte liten gneiste.

Kvifor skjer det mest om vinteren?

Har du tenkt over at det nesten aldri skjer etter ein regnvêrsdag? Det er fordi lufta om vinteren ofte er tørr. Då blir det lettare for elektriske ladningar å samla seg.

Når lufta er fuktig, forsvinn ladningane mykje lettare.

Er det farleg?

Nei. Desse små støyta inneheld svært lite energi. Dei kan kjennast litt ubehagelege, men dei skadar deg ikkje.

Lyn er òg elektrisitet – men med mykje, mykje større kraft. Det er derfor lyn kan vera farlege, medan ein liten støyt frå eit dørhandtak berre får deg til å hoppa litt.

Neste gong det stikk i fingeren veit du at kroppen din nettopp kvitta seg med litt elektrisitet. Du blei rett og slett eit levande batteri ein liten augneblink.

Kjelde: Store norske leksikon