Nobels fredspris
- Nobels fredspris er ein pris som årleg blir delt ut til den eller dei som har gjort best arbeid for fred mellom folk, eller bidrege til mindre militær makt. Prisen kan også gå til nokon som jobbar for å spreie kunnskap og bodskap om fred.
- Prisen består av ein medalje, ein diplom og ein pengesum.
- Det er Den Norske Nobelkomité som deler ut prisen.
- Fredsprisen er ein av dei fem Nobelprisane som blei starta av den svenske oppfinnaren Alfred Nobel. Han fann mellom anna opp sprengstoffet dynamitt.
- Nobels fredspris blir årleg delt ut 10. desember som er Alfred Nobels dødsdag.
Kjelde: Vesle norske leksikon
– Årets fredsprismottakar har bidrege til at krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkemord blir straffeforfølgt, sa Jørgen Watne, leiaren av Den norske Nobelkomite, då han avslørte fredsprisvinnaren fredag føremiddag.
Krigsbrotsverk er brot på lovar og skikkar i ein krig. Brotsverk mot menneskeslekta er mellom anna mord og utrydding av sivile menneske, og at sivile menneske blir utvist frå landet sitt. Å straffeforfølgje vil seie å undersøke, etterforske og gi nokon straff.
Navanathem «Navi» Pillay kjem frå Sør- Afrika og er utdanna advokat. 85-åringen har jobba for menneskerettar og rettferd i mange år.
Dette er noko av det Navi har jobba med:
- Då det var apartheid i Sør-Afrika spelte ho ei viktig rolle som advokat. Apartheid var eit politisk system i Sør-Afrika frå 1984-1994, som skilte mellom folk med ulik hudfarge, språk og kultur. Alle som ikkje var kvite i huda, blei behandla dårlegare. Som advokat forsvara Navi apartheidmotstandarar og kritiserte sjølv det politiske systemet.
- I 1995 blei ho den første ikkje-kvite kvinna som blei dommar i Sør-Afrikas høgsterett.
- Navi var dommar i den internasjonale domstol for brotsverk i Rwanda. Denne domstolen blei oppretta for å straffeforfølgje dei mest ansvarlege under folkemordet i Rwanda. Folkemordet i det afrikanske landet Rwanda skjedde i 1994 då mellom 800 000 og éin million menneske blei drepne på bakgrunn av kva folkegruppe dei tilhøyrte.
- Frå 2003 til 2008 var Navi dommar i Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Dette er ein domstol for krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeslekta og folkemord.
- Navi var FNs høgkommissær for menneskerettar frå 2008 til 2014. Det vil seie at ho var ansvarleg for FNs arbeid med å fremje og beskytte menneskerettar over heile verda.
- Fram til i år var Navi leiar for eit utval som undersøker menneskerettslovbrot gjort mot menneske i Palestina. I 2025 kom ho og resten av utvalet med ein rapport som viste at det har vore fire tilfelle av folkemordshandlingar mot palestinarar på Gazastripa. Du kan lese meir om krigen i Gaza HER.
- No er Navi dommar i ei sak mellom Gambia og Myanmar. Denne saka handlar om at det afrikanske landet Gambia meiner at det asiatiske landet Myanmar har gjennomført folkemord mot ei muslimsk gruppe i landet.






















