Vil lagra CO₂ i havet

Er det mogleg å fanga CO₂ frå atmosfæren og lagra det i tare på botnen av havet? Det skal forskarar frå norsk Sintef finna ut av.

– Me må kutta i utslepp, men me må også fanga CO₂ som allereie er i lufta og i vatnet på best mogleg måte, seier Sintef-sjef, Alexandra Bech Gjørv til VG.

Sintef er eit eit norsk forskingsinstitutt. Dei forskar mellom anna på teknologi, naturvitskap og samfunnsvitskap.

Dei skal no undersøka om om skogen under vatn – altså tang og tare under vassoverflata – er ein god plass for å lagra CO₂ frå atmosfæren.

Kan ikkje garantera at det fungerer

– Tare veks raskt og har stor evne til å ta opp CO₂, seier Sintef-sjefen.

Likevel må dei også sikra at taren ikkje rotnar, og slik set i gong med å sleppa ut metan, fortel ho.

Som CO₂ er metan også ein klimagass. Den har ein kraftig oppvarmande effekt, som avtek etter om lag 10 år. CICERO samanliknar dei to gassane på denne måten: Metanutslippet er som ein vedkubbe i peisen, medanCO₂ er som ein panelomn som står på heile året.

– Me skal finna ut om det er mogleg med ei slik løysing under vatn, der trykk og temperatur er slik at det ikkje rotnar, og ikkje drep anna liv. Me kan ikkje garantera at det fungerer, men det er viktig å forska på det, seier Bech Gjørv.