Kvart einaste år gir Ethnologue ut ei liste med informasjon om språk og språkbruk.
Visste du mellom anna at det i 2021 var 7139 språk i verda? Det er veldig mange – men eit fåtal av desse blir brukt av fleire enn eit par tusen menneske. Topplista med dei ti mest snakka språka derimot, er brukt av millionar av menneske.
Er du nysgjerrig på kva språk det er snakk om? Her kjem dei:
10: Urdu
Urdu blir nytta som talespråk av 230 millionar menneske i verda. Mesteparten av desse bur i India og Pakistan.
68,6 millionar menneske har språket som sitt morsmål.
ارے betyr hei på urdu.
9: Portugisisk
Sjølv om Portugal er eit relativt lite land, med tilsvarande innbyggjartal som Sverige, er portugisisk eit av dei mest snakka språka i verda.
Grunnen er at portugisisk er eit språk som også blir nytta i fleire andre land. Portugal var nemleg ein av dei store kolonimaktene, som plyndra til seg fleire land frå 1400–1900-talet. Nokre av desse landa var Brasil, Angola og Mosambik.
I dag blir portugisisk brukt av 258 millionar menneske, og 221 millionar har det som morsmål.
Oi betyr hei på portugisisk.
8: Russisk
Russland er det største landet i verda, og det blir hovudsakleg brukt i Russland, Ukraina og i nokre deler av Asia som Kasakhstan og Kirgisistan.
Språket blir brukt av 258 millionar menneske, og 154 av desse har russisk som sitt morsmål.
Привет (Privet) betyr hei på russisk.
7: Fransk
Fransk er det 7. mest snakka språket i verda. Mykje av grunnen er det same som med det portugisiske språket, då franskmennene også flytta seg rundt om i verda i kolonitida. Dermed er språket blitt ein del av land som mellom anna Canada, Belgia, Sveits, og store deler av Vest-Afrika.
Totalt er det 267 millionar menneske som snakkar fransk, men berre 77,2 millionar av desse har det som sitt morsmål.
Salut betyr hei på fransk.
6: Bengali
Bengali er for det meste brukt som språk i Bangladesh og i India.
Det er 268 millionar menneske som snakkar bengalsk, og 228 millionar som har det som sitt morsmål.
ওহে (Hē) betyr hei på bengali.
5: Arabisk
Arabisk blir for det meste brukt nord i Afrika, i Midtausten og på den arabiske halvøya. Eksempel på land der dei snakkar arabisk, er Irak, Syria, Egypt og Marokko.
Om lag 274 millionar menneske i verda snakkar arabisk, og om lag 200 millionar har eit standararabisk språk som morsmålet sitt.
أهلاً (mahalan) betyr hei på arabisk.
4: Spansk
Spansk er det 4. mest snakka språket i verda. Det blir hovudsakleg brukt i Spania, Mexico, Sentral- og Sør-Amerika, i tillegg til i USA.
480 millionar menneske snakkar spansk, og dei aller fleste av desse har det som sitt morsmål.
Hola betyr hei på spansk.
3: Hindi
Hindi er det offisielle språket i India. Det er basert på dialekten dei snakkar i Dehli, som er det nest største storbyområdet i India. Totalt bur det 16,75 millionar menneske i dette området.
Det vert rekna at det er 600 millionar menneske som snakkar hindi. Av desse har 341 millionar språket som sitt morsmål.
हैलो (are) betyr hei på hindi.
2: Kinesisk (mandarin)
Det kinesiske språket har fleire ulike dialektar, slik som i Noreg. Men i motsetning til i Noreg, er fleire av dialektane i Kina klassifisert som egne språk.
Mandarin blir brukt av meir enn 70 prosent av dei som bur i Kina, og totalt blir det brukt av 1,120 milliardar menneske. 918 millionar av desse har mandarin som sitt morsmål.
Mandarin blir mest brukt i Kina, men også i Singapore, Taiwan og i Malaysia.
你好 (Nǐ hǎo) betyr hei på kinesisk.
1: Engelsk
Ingen bombe kanskje – men engelsk er altså det mest snakka språket i verda. Heile 1348 millionar menneske kan snakka engelsk. Derimot er det berre 379 millionar menneske som bur i land der dei brukar engelsk som sitt morsmål.
Desse landa er mellom anna USA, Canada, Australia og Storbritannia.
Hello betyr hei på engelsk.