Kvifor snakkar me ulike språk?

Hadde det ikkje vore mykje enklare om alle i verda snakka det same språket? 

26. september er den europeiske språkdagen. Dagen skal minna oss om kor mange ulike språk som finst, og kor viktig det er å ta vare på dei. Men kvifor snakkar menneske eigentleg så mange forskjellige språk?

For fleire tusen år sidan levde mange menneske i små grupper som ofte budde langt frå kvarandre. Når menneskegrupper har lite kontakt, kan måten dei snakkar på, utvikla seg i ulike retningar. Dei tek i bruk nye ord, uttalar ord på nye måtar og lagar eigne uttrykk. Etter svært lang tid kan skilnadene bli så store at det har vakse fram ulike språk.

Språk kan vera i slekt

Nokre språk liknar kvarandre fordi dei har utvikla seg frå eit felles eldre språk. Derfor kan mange nordmenn forstå litt svensk og dansk, sjølv om språka ikkje er heilt like.

Det er òg grunnen til at engelsk, tysk og norsk har mange ord som liknar på kvarandre.

Språk forandrar seg

Språk står aldri stille. Kvart år kjem det nye ord, medan andre blir brukte mindre eller forsvinn heilt.

For hundre år sidan snakka nordmenn annleis enn me gjer i dag. Og om hundre år kjem truleg språket til å ha forandra seg endå meir.

Kor mange språk finst det?

Forskarar reknar med at det finst rundt 7 000 språk i verda. Nokre blir snakka av fleire hundre millionar menneske. Andre har berre nokre få brukarar att.

Når barn sluttar å læra eit språk, kan det etter kvart forsvinna. Difor arbeider mange for å halda truga språk i bruk.

Kor mange språk kan du litt av?

Kor mange språk kan du litt av?

Eitt. 0
To.2
Tre eller fleire. 13
Eg veit ikkje heilt,2
Svar totalt: 17

 

GIF: Giphy.com

Kjelder: Språkrådet, Store norske leksikon, European Day of Languages