«Maxxing» er årets ord

Looksmaxxing og sleepmaxxing har blitt populære uttrykk på nettet. Men kva har rollespel med desse orda å gjere?

Ordet «maxxing» dreier seg om å gjere noko på best mogleg måte. Det mest populære maxxing-uttrykket er looksmaxxing, som altså dreier seg om å sjå best mogleg ut, skriv Framtida.no.

Når vi set «-maxxing» bak eit ord, betyr det at vi prøver å gjere noko så bra som mogleg. «Sleepmaxxing» betyr til dømes å prøve å sove best mogleg.

Uttrykket maxxing har auka i popularitet sidan midten av 2023. Skjermdump: Google

Opphavet til ordet kjem frå gaming og rollespel, kor spelarar snakkar om å maksimere ferdigheitene til ein karakter. I 2024 byrja konsept som «looksmaxxing» å spreie seg i sosiale medium, og gav uttrykket ny popularitet.

Dictionary.com skriv at uttrykket ofte vert brukt på ein spøkefull måte.

Nynorskordboka har endå ikkje lagt til ordet maxxing. Skjermdump: Ordbokene.no