– Mamma og eg har starta på noko som heiter «bullet journal», som er ei skrivebok du kan skrive mange ulike lister i.
Sáve Márjá starta på boka i august i år, og synest det er fint å skrive lister slik at ho slepp å gå rundt og huske på alt mogeleg.
– Alt står jo i boka, så eg kan berre sjekke der. Eg likar også å gjere det veldig fint, og teikner ein del i boka mi. Så skriv eg fine sitater eg finn på nett og andre stader, fortel ho.
Mammaen hennar, Áile Jávo, har også ei slik bok.
– Av og til lagar eg og mamma lister saman. Det er veldig koseleg at me har same «hobby», seier Sáve Márjá.
Her er listene Sáve Márjá har skrive så langt i si bok:
- Årskalender der eg har skive inn ting eg veit kjem til å hende, som til dømes bursdagar, haustferie, Halloween og jul.
- Sommarminner frå i år
- Oversikt over vær
- Vanar eg har
- Humøret mitt frå dag til dag
- Kva me gjer dei ulike dagane
- Kva me har spist til middag.
- Positivitetsliste, der eg skriv ned ein positiv, fin ting kvar dag.
- Ønskeliste
- Lekser og timeplan.
- Plassar eg vil reise til
- Plassar eg har vore