Du har kanskje sett det store, lysande juletreet framfor Rockefeller Center på filmar? Eller kanskje du til og med har sett det i verkelegheita?
Uansett har dette juletreet blitt ein viktig del av eit julepynta New York – og det har det vore i snart 100 år.
Det heile starta i 1931, då det var tøffe tider i USA. Denne perioden blir kalla the Great Depression på engelsk og den store depresjonen på norsk.
Dette var ei vanskeleg tid fordi veldig mange hadde veldig dårleg råd. Likevel bestemte nokre arbeidarar i New York seg for å samle inn pengar til å kjøpe eit juletre saman.
Dei fekk kjøpt eit seks meter høgt juletre som dei sette på arbeidsplassen der dei jobba. Og det dei jobba med, var å byggje Rockefeller Center.
Treet dekorerte dei med heimelaga pynt. HER kan du sjå bilde av juletreet.

To år seinare bestemte Rockefeller Center seg for å gjere juletreet til ein årleg tradisjon. Treet som blei sett opp då, var 15 meter høgt og dekorert med rundt 700 lys.
Sidan 1933 har treet blitt reist kvart einaste år som eit symbol på håp, samhald og optimisme. Det var einast under 2. verdskrig at treet ikkje blei tent på vanleg måte, då det var reglar for kva lys som kunne stå på.
Treet som blir brukt, er vanlegvis mellom 20 og 30 meter høgt og av tretypen norsk gran.

Kjelder: wikipedia.org og rockefellercenter.com






















