Silje (11) og Leah (13) tok verdsrekord i sying: – Eg likar at eg kan vere kreativ

Saman med 600 andre har jentene fått plass i Guinness rekordbok.

– Eg likar at eg kan vere kreativ og gjere noko med hendene mine, fortel Leah Aurora Kjellsby Skarderud (13) frå Hamar om hobbyen sin.

Saman med fleire hundre andre syarar, sit ho framføre ei symaskin i Vikingskipet på Hamar. Hallen er kjent for å huse Noregs største datatreff, men no er PC-ar og tastatur bytt ut med symaskiner, nåler, tråd og stoff i alle moglege fargar.

– Eg synest det er veldig gøy! fortel Leah om arrangementet.

Leah Aurora Kjellsby Skarderud viser fram jakka si, som byrjar å ta form. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Syr jakke

Det er gjengen i sykollektivet Fæbrik som har invitert til sy-LAN. Fæbrik består av Jenny Skavlan, Mari Nordén, Ingrid Vik Lysne og Ingrid Bergtun. Dei lagar og sel sy-mønster og legg ut videoar på Instagram som viser korleis ein kan sy alt frå kjolar til bukser og vesker.

I Vikingskipet sit over 600 personar rundt store bord og syr sin versjon av ei jakke Fæbrik har laga mønster til.

Jakka Leah har jobba med gjennom helga, er kort og utan fôr. Planen er å bruke jakka sjølv, viss ho synest den blir fin.

13-åringen har alltid vore kreativ og har halde på med mykje forskjellig. Ho byrja å sy i fjor.

– Eg veit ikkje heilt korleis eg fann på det, men eg likar det i alle fall, fortel ho.

Det var mange syarar i Vikingskipet i helga. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Lang erfaring

11 år gamle Silje Sjo-Nilsen frå Heggedal i Asker er blant dei yngste deltakarane som syr seg jakke. Likevel har ho lengre erfaring enn mange vaksne i hallen.

– Eg trur eg sydde den første kjolen då eg var tre år, fortel ho, og legg til at ho fekk litt hjelp av mamma då.

No syr ho seg ei lang, oransje kåpe, aleine.

– Kva er det du likar så godt med å sy?

– Berre at det er gøy! slår ho fast.

Det kulaste plagget ho har sydd, er ei skjorte ho laga til veslesøstera Mari.

Silje Sjo-Nilsen har kome langt på kåpa si. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Imponert

– Vi er så mektig imponert over dei yngste deltakarane, skriv Jenny Skavlan i Fæbrik til Framtida Junior etter at syhelga er over.

Ho fortel at den yngste deltakaren var 9 år gamal.

– Den neste generasjonen er til stor inspirasjon for oss, seier Jenny.

Frå scena forklarar Fæbrik-damene kva syarane skal gjere. Jenny Skavan er imponert over dei unge som var med. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Verdsrekord

Ikkje berre har helga resultert i eit par hundre nye jakker. Sygjengen i Vikingskipet har òg fått plass i Guinness rekordbok.

Med 617 syarar, har dei no verdsrekorden i flest menneske som syr samstundes.

Leah og Silje var med på verdsrekorden. Alle fekk utdelt ein liten stoffbit og sydde små fingervimplar.

– Det var veldig gøy å vere med å setje verdsrekord, seier Silje, som ikkje visste om det på førehand og syntest det var ei gøy overrasking.

Nåler og hjelp

– Har du eit tips til andre barn som har lyst til å sy? 

– Å bruke mange nåler og å spørje om hjelp, svarar Silje Sjo-Nilsen.

Silje Sjo-Nilsen med symaskina på Fæbrikstad. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Tipset Leah Aurora Kjellsby Skarderud har til andre som vil starte å sy, er å berre hoppe i det, og å spørje foreldre eller andre om hjelp.

Sjølv har ho fått hjelp av mora til å lære det. Tidlegare har ho sydd ein pose som kan snørast saman, men jakka ho syr under Fæbrikstad, er det første klesplagget ho lagar.

– Det er litt vanskeleg, men eg har fått mykje hjelp, så det går bra.

Leah Aurora Kjellsby Skarderud (13) syr seg jakke. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Ingrid Bergtun i Fæbrik rår barn som vil lære å sy til å låne symaskin av ein familiemedlem. Ho meiner det er perfekt å starte med å sy ei enkel bukse.