Skriv kule lister

Alle har laga ei ønskeliste – men, kva andre lister du kan skrive?

Du kan skrive lister om:
  • Kule kanalar på Youtube
  • Byar du har besøkt
  • Dyr du har hatt
  • Favorittspelarar i FIFA
  • Stader du har lyst til å reise
  • Husarbeid denne veka
  • Bursdager i familien
  • Sterke verb
  • Vikingkongar
  • Favorittbøker
  • 10 ting du seier «æsj» til
  • Alt du tenkjer er fint ved deg
  • Handleliste
  • Yndlingsdessertar
  • Nyttårsforsett
  • Ting du er takknemleg for
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det å skrive lister er ein lett måte å skrive på, fortel Gunn Beate Reinton Rulnes.

Ho har skrive ei bok som heiter Listelykke for vaksne.

Du blir ikkje berre betre på sjølve skrivinga, men listene gir deg også orden både rundt deg og inni deg.

Mange likar å lage lister over favorittar og ønskjer. Slik får du samla det du vil samle, og du ser klart for deg det du vil liste opp. Du får også øve deg på idémyldring, og du får trent på kreativiteten, fortell Gunn Beate.

Meir gøy, mindre stress

Forfattaren er overtydd om at listeskriving kan gje deg mindre stress i kvardagen.

Ungar har mange jern i elden. Difor får ein mange inntrykk, som ofte endar med mange tankar i hovudet. Desse tankane treng me å rydde i, og då er lister ein god måte å rydde på, seier ho.

Gunn Beate trur det er viktig at barn og vaksne skriv enkelte lister saman også, til dømes handleliste, liste over oppgåver i heimen, men også kjekke ting ein kan gle seg til.

Diverre så trur eg at me vaksne stressar ungane våre når me klagar over at me mangler oversikt over kva som skal skje. Det kan gode lister hjelpe på, seier ho.

Fin kjensle

Til dømes kan det vera fint med ei liste over kva oppgåver du skal gjere i heimen.

Skriv ei liste over kva oppgåver du skal gjere, kryss av for kvar oppgåve du har gjort, og kjenn etter på den følelsen du får når du set krysset, seier forfattaren.

Ho fortel at mange ungar ho har snakka med kjenner at listene gir dei kjensla av å bestemme meir i eigen kvardag. Rett og slett fordi du får velja kva oppgåva du skal gjera, og kva tid du skal gjera det.

Å få lov til å bestemme kva som skal stå øvst på lista er ei fin kjensle, og ei god øving for å tenke lurt og bruke tida godt, seier ho.

Gjer det sjølv

Lag di eiga listebok – alt du treng er ei notatbok og ein blyant.

Liker du å teikne, lime og fargelegge, så kan du pynte listene. Washitape, fargeblyantar og klistremerke er gøy!