Ein storebror som Kevin, skulle alle hatt

Kevin (11 år) er storebror til to brør som begge har ein usynleg sjukdom. Når ein ikkje kan sjå sjukdomen er det godt å ha ein storebror som passar på.

Brørne til Kevin heiter Conrad (8 år) og Espen (7 år). Dei har den sjeldne sjukdomen Osteogenesis Imperfecta. Det er ein arveleg genfeil som svært få menneske i Noreg har. Sjukdomen gjer slik at dei bryt beina veldig lett. I tillegg har dei mykje smerter i kroppen og er ofte på sjukehuset.

Sidan småbrørne bryt beina veldig lett, må Kevin passe på at dei er forsiktige.

KEVIN OG ESPEN: – Det går fint å vere storebror, sjølv om det til tider kan vere slitsamt å ha dei hengande etter seg, seier Kevin.
PÅ SJUKEHUSET: Conrad var på sjukehuset då Framtida junior intervjua brørne. (Foto: Carloline Sivertstøl)

På sjukehuset

På trampolina har ikkje brørne mine lov å hoppe med andre enn meg, for eg må heile tida passe på at dei ikkje fell og bryt beina. Eg veit kvar grensa går, seier Kevin.

Brørne er ofte på sjukehuset, og då Framtida junior møtte Kevin var Conrad på sjukehuset.

Det er slik som skjer, så det er berre eg og Espen som er her på skulen i dag.

Farlege aktivitetar

Det er fleire ting som kan vere farlege for brørne, og difor er det ting som familien ikkje held på med som andre familier gjer. Skøyter er ein av dei tinga som kan vere farleg.  

Skøyter er fyfy, og Conrad får ikkje spele fotball, for han har hatt eit brot i ryggen, så han må vere ekstra forsiktig, fortel Kevin.

Men eg spelar fotball, seier Espen. Og Conrad er flink i symjing.

ATV: Espen og brørne elskar å køyre firhjuling. Foto: Caroline Sivertstøl)

Delar ei stor interesse

Det kan vere kjedeleg å måtte heile tida passe på, men Kevin og brørne har ein lidenskap som dei verkeleg likar. Det er å køyre ATV, firhjuling. Dei har kvar sin firhjuling som dei brukar på den store marka dei har utanfor huset sitt i Sandvika, i Herøy Kommune

Det går fint å vere storebror, sjølv om det til tider kan vere slitsamt å ha dei hengande etter seg, seier Kevin.

Men det er gøy å leike med Kevin, seier Espen, og legg til:

– Og så er han flink til å passe på.